04/28/2006

Mamba og Coffeequiz


Onsdag i forrige veke var eg og Marte med andreklassen paa skulen til Mamba village og Bomas of Kenya. Mamba er ein krokodille og strutsepark her i Nairobi og paa Bomas framforer dei tradisjonelle danser. Det var veldig kjekt for ungana. Hogdepunkta trur eg var karusellane (som saag som dei skulle knekke samman anytime), baattur og ansiktsmaling. Fleire av ungana hadde spurt i ettertid om dei hadde vore til verdens ende fordi dei aldri har vore utanfor Pumwani. Det er ganske trist. Men dei hadde det vertfall veldig kjekt!!

I gaar laga vi quiz for ungdommane istadenfor det vanlige diskusjonsforument dei har paa torsdager. Det var ein kjemesuksess! Me hadde laga til med bord, duker, lys og bakrunnsmusikk. Ungdommane trudde dei hadde komt feil naar dei kom inn i rommet :) Rart kor lite som skal til noken gangar... Hovedpremien var ein tur til kinoen inkudert transport, popcorn og brus! Vinnerane vart veldig glade :D Og eg gleder meg til aa faa bli med dei paa kino.

I dag er det poolnight! Me skal paa ein plass der folk kjeme for aa spele billiard og treffe vaare nye venner: Sakarias, Vincent og Roselyne.

04/17/2006

ROAD TRIP!!!


Dag 1 – Mt. Kenya
Dei siste dagane har eg tilbragt på Kenyas holete vegar. Eg, Marte, Randi og Lars (kjæresten til Randi) reiste fra Nairobi søndag 9. april for å cruise rundt i Kenya noken daga. Me leigde sjåfør og bil gjennom eit reiseselskap. Managaren for selskapet, Charles, som vi har snakka med når me planla turen vart med og.

Me starta turen med å krysse ekvator og køyre opp mot Mt. Kenya. På ekvator stoppa me og fekk demonstrert av ein mann korleis vatnet renn i ulike retningar på kvar side av ekvator. Fasinerande. Etterpå køyrte me langt inn og opp i skogen og kom til slutt til Caste forest logde der me skulle bu for natta. Der var det berre heilt fantastisk fint!! Det var nesten som ei norsk fjellseter. Frisk fjelluft, veldig fin utsikt, hestar, kyr, høns og geiter gjekk fritt rundt og me budde i noken veldig koselige, runde trehytter. Det var ikkje strøm der så me sovna til varmen frå peisen i hytta vår :)

Dag 2 – Safari??
Neste dag reiste me vidare nord mot Samburu nasjonalpark. Me budde på eit kjempefint hotell (Shaba Sarova) der me vart tatt imot med ein kald klut å vaske seg med og eit glas juice :) Etter lunsj (alle måltida var ein fest uten like…), og etter at eg og Marte hadde tatt eit raskt bad i bassenget i regnet, reiste me på Safari. Men dette vart ein ynkelig safari. Eller så har me berre blitt litt kravstore etter me fekk sjå så mange dyr i Masai Mara. Me såg noken løve på lang avstand, elefantar inni buskene, impalaer, dikdik, antiloper, ein sebra, tre bøffler og ein død sjiraff (det var høgdepunktet).

Dag 3 – Nakuru…
Dagen etterpå skulle me egentlig ha satt kursen mot Kapenguria i Phokot for å besøke noken misjonæra der. Men dei hadde vore umulig å fa tak i dei siste dagane og siden me ikkje hadde avklart heilt at det var greit at me kom, og siden det var ein usannsynleg lang strekning for sjåføren vår å køyre på ein dag, ba me Charles om å fikse oss ei anna overnatting. Da var eg litt gla for at han var med oss likevel…
Men det verste var at mens eg satt i bilen og tok bilder ut av vinduet kom ein veps inn og stakk meg på låret før eg i det heile tatt hadde skjønt kva som hadde skjedd!! Drøyt. Det svidde og klødde heile natta…
Me kom til Nakuru på kvelden og budde på eit greit hotell der ei natt.

Dag 4 – Lake Baringo
Neste dag var ikkje turens høgdepunkt. Me hadde sagt me ville gjerne sjå dei varme kjeldene i Lake Baringo, men visste ikkje at det innebar 3 tima ekstra køyring og 1500/- (150kr) ekstra! Charles visste heller ikkje at det var så dyrt, men han kunne fortalt at det var så langt å køyre… ”We can stop by tomorrom” høyrest liksom ikkje ut som 3 tima ekstra køyring… Uansett. Me såg kjeldene som kokte og spruta og køyrte til Kisumu som var siste stopp på turen. Her knota me litt med å finne ein fin plass å bu for dei neste to nettene, men fann til slutt ein veldig fin og fredelig plass nede ved Lake Victoria.

Dag 5 – Flodhestar!
I Kisumu brukte me dagen til å slappe av ved bassenget. Me bada, sola oss, såg på flodhestar som svømte forbi og eg og Marte og Lars (eller Olendebus som Charles døpte han) hadde synkronsvømmingshow for Randi :) Etterpå henta Charles oss og me gikk for å ete fisk (Nilepatch?) og chapati. Det var veldig godt. Me satt ved bassenget i mørket om kvelden og speida etter flodhestar for dei kjem opp om natta for å ete gras, men me såg ingen. Berre flaggermus og sjølvlysande insekt.

Dag 6 – Høner og trafikkjam
Dag 6 satte me kursen heimover. Det skulle vise seg å bli ein meir innholdsrik tur enn me hadde trudd. Etter at me hadde kørt noken tima stoppa me plutselig midt oppå fjellet. Sjåføren, Charles og ein anna mann fra selskapet deira som me hadde plukka opp på vegen hoppa ut. Me iaktok dei frå bilen og registrerte at dei berre skulle kjøpe ein muffin, to fanta og 5 HØNER!! LEVANDE! Og heilt sikkert infisert med fugleinfluenda! Hønene vart knytt saman to og to i beina, dei løfta dei etter føtne og slengte dei inni bagasjerommet i ei røys. (Ring dyrebeskyttelsen!) Så der låg dei resten av turen og kakla og spredde birdflu i heile bilen.

Den neste overraskelsen var i form av ein traffikkork midt oppi fjella. Me kørte eit stykke på ein midlertidig veg fordi dei dreiv å laga ny veg. Her køyrte bilane i 2, 3, ja gjerne 4 felt på den smale traktorstien. Det gjorde dei visst frå den andre sida og, så plutselig befant me oss i ein traffikkork som sto bom stille. Etter ein del venting på at ingenting skjedde snudde alle bilane og køyrte over på den andre vegen som var langt frå ferdig. Etter noken minutt trudde me at me hadde komt oss unna trafficjamen men snart stod me like stikke på den nye vegen og. Det samme hadde skjedd ein gang til. Ka er oddsen?? Ganske høg egentlig, for eg ha begynt å skjønne at dei fleste Kenyanera ikkje er dei skarpaste knivane i skuffen. Vertfall ikkje når det kjem til traffikreglar og måtar å løyse trafficjam på… Eg gjekk ut for å sjå kva problemet var og då såg eg berre eit HAV av bilar, matatuer, trailera og bussar. Ferjebilletøren i meg vakna og eg ville springe ned for å dirigere og kommandere bilane, men lot det vere.
Til slutt kom me oss framover og me såg at problemet var ei bru som berre var mulig å køyre på på eine sida. Men i stadenfor å flytte bilar og køyre på den sida som var mulig, begynte Kenyanerane å rydde stein på den sida me stod på. Dei var tydeligvis overbevist om at dei skulle klare å lage ein veg gjennom steinrøysa. Det var ikkje eg. Men eg måtte til slutt innsjå at det faktisk var mulig… Steinane skrapa ganske heftig under bilen vår, og matatuen foran oss sveia så mykje at eg var overbevist om at han skulle velte og rulle ned skråninga, men me kom oss på eit vis over.

Etter to timar til på humpete vegar, ein samosa og ein cola, fleire runda med tidsfordrivlekar og noken ubehagelige forbikøyringar, kom me oss endelig heim til Nairobi. Det har vore ein kjekk tur, men litt for mykje køyring. Skulle eg gjort det om igjen ville eg valgt ei litt kortare rute trur eg… Men no har me verfall sett mykje av Kenya, og det var jo det me ville. Og konklusjonen er: Kenya er jammen eit fint land!