02/27/2006

SAFARI

Denna helga har me vore på safari!! Eg, Marte, Randi, Ingvild og Ragnhild. Det har vore veldig kjekt og eg ha sett veldig mange dyr. Me såg alle dei såkalla ”5 store” som beviser at turen har vore vellykka: Nashorn, Leopard, Bøffel, Elefant og Løve.

Utenom det såg me bavianar, zebra, gaselle, antilope, gnu, sjiraff, ørn, masai stork, påfulg, gepard, hyene, struts, gribb, vortesvin, dikdik (veit ikkje ka det er på norsk), sjakal, apekattar i ulike variantar, flamingo, pelikan, og viss me kan rekne med alt me såg på vegen: kamel, hund, kyr, sauer, geiter, høner og esel.

Me starta turen fredagsmorgon og køyrde til Masai Mara som er den mest kjente nasjonalparken i Kenya. Der budde vi to netter i ”tented camp”. D.v.s telt med senger, do, dusj og vask. Praktisk :) Det var veldig fint der og det gikk ville apekatta rund på tomta. Da me åt lunsj kom ein apekatt og stjal tre banana av oss!

Etter to netter i Masai Mara reiste me vidare til Lake Nakuru. Der budde me på eit veldig koselig hotell ei natt. I nasjonalparken der såg me nashorn og sjøen var heilt dekka av rosa flamingoar! Det var kult. Me såg og ein leopard som sneik seg inn på ein flokk med gaseller langt borti skogen, men me fekk aldri sjå at han angreip for dei lukta lunta…Men eg følte meg litt som ein fotograf fra national geographic.

Me kom veldig nært inn på mange av dyra. Me var ca 5 meter fra ein sjiraff og eit nashorn i Nakuru, men det kulaste var da me kjørte rett inn i eit løvereir i Masai Mara. Me hadde minst 15 løve rundt oss! Ei løvemor med 8 små løveungar og mange ho-løver som skulle ut på jakt. Dei gikk forbi oss rett framfor og bak bilen vår. Eg var mindre enn ein meter fra den!! Viss eg hadde rulla ned vinduet kunne eg ha tatt på den!! Men siden det sannsynlegvis hadde gjort meg einarma lot eg vere…

Det var ein liten rapport fra helga. Alt i alt ein veldig vellykka tur! :)

02/22/2006

Eg er frisk :)

Fregner har blitt eit tema til underholdning her nede... For dei som ikkje kjenner Marte saa godt, har ho det som blir kalla rodt haar og ujevn pigmentfordelig. Dette er eit litt uvant fenomen for mange afrikanere og ho har faatt ein del sporsmaal om "what is wrong with your skin??" Dette blir jo litt morsomt for oss andre som allerede har brukt dette imot ho i seriose diskusjonar.

Her ein dag stod Marte og Randi og forklarte dette fregne-fenomenet til Francis paa jobben, og Randi (som ikkje er heilt fregnefri sjolv) viste han at ho og har fregner da eg kom inn og ho sa: "...but Anita has a different skintype so she doesn`t have them." Hans respons paa detta var: "No, she`s fine!!"

02/14/2006

Happy Valentines day!!

Her i Kenya er visst valentines day ganske viktig... Saa gratulerer med valentinesdagen alle sammen!! I dag gaar alle med raude kle og skla ut paa byen i kveld. Eg tok paa meg et rodt kjort for anledningen men det er saa langt som eg strekker meg.
Helga var ganske dramatisk. Elisabeth vart kvalm, fekk masse utslett, ild i magen, diare og spydde.. Saa me tok ho til sjukehuset. Der fekk ho ikkje mindre enn 5 ulike tablettyper ho skulle ta, deriblandt antibika. Men ho vart bra igjen dagen etterpaa og slapp heldigvis antibiotikakuren. Alergic reaction var det visst...Det vil ikkje eg ha.

02/06/2006

I am a Kamba

Eg har forresten faatt meg ein afrikansk navn. Mwikali! Taxisjoforen vaar gav oss alle forskjellige navn fra forskjellige tribes. Han er veldig kul. Eg og Elisabeth er fra Kambatriben. Marte er ein Kikuji (?) og heiter Washera. Kult? nesten som "Hva-skjer-a'?" Og Randi er Luu men huska ikkje ka ho heite... Vi fortalte det til ein mann paa masaiimarkedet paa lordag og han sa: "AAhhahahahaha...You are killing me!! hahaha, you are a Kamba? hahaha..."

Ellers har eg skjont at Swahili ikkje er kult nok for Nairobipeople. Me maa laere oss sheng for aa gli inn. Saa eg har laert meg litt sheng. 20 shilling som er shillingi ishirini paa swahili er "blu!" paa sheng. Og matatu er mathree, 1000 shilling er berre "g" og 100 shilling er "a red". Kult? (Poah!)

Eg ha kyssa ein sjiraff!!!

Ja det er faktisk sant!! Me var i sjiraff-parken paa lordag med Swahililaeraren vaar og saag sjiraffer (og villsvin og ei skilpadde...) Me fekk lov aa mate dei, og viss holdt ein bit kraftfor i munnen sleika sjiraffen den vekk med ein laaaang (og litt ekkel) tunge. Det var ikkje saa ekkelt som ein gjerne skulle tru... Men trur eg lar det bli med den eine gangen :)

02/01/2006

Aaaa-freak-a....

Det begynner aa gaa opp for meg at eg faktisk skal vere her nede ei stund... :) Men det er kjekt. Til no har det virka som ein lang ferie, men no som me har faa etablert oss i vaar eigen leilighet og begynt aa fole oss litt meir heime paa jobb begynner det aa gaa opp for meg.

Men eg lika meg veldig bra paa senteret!! Eg og Marte skal jobbe paa Youth and skills training programmet. Det gaar ut paa aa jobbe med ungdommen i slummen (for dei som ikkje skjonte det...) Det er mange ungdommar som berre henge rundt i slummen uten noke aa gjere fordi dei ikkje har raad til aa gaa paa skule. Saa dei har etablert mange aktivitetsgrupper gjennom senteret. Dans. teater, tegning, sport...you name it. Og dei er fantastisk flinke!! Det er ikkje berre snakk om fritids-sysler. Me snakka talent!! I am impressed. Me hadde besok av noken eleva fra NLA i Volda i gaar og ungdomsgruppene stod for underholdninga. Det var veldig kjekt.

Til alle sosionomspirer: Detta senteret er forbildet paa Empowerment (hjelp til sjolvhjelp). Det er utrulig imponerande kor flinke dei er til aa faa folka til aa engasjere seg, og forandre miljoet sjolv.

Ellers kan eg fortelle at sola fortsatt skinner og me er fortsatt venner alle fire :) Elisabeth har tatt rollen som underholdning for Randi om nettene... I natt klappa ho Randi paa skuldra og sa (i sovne): "I dont think we should be here.... ....Am I talking english???"

Thats all for I think... Eg maa kjope meg ein chapati for eg gaar heim trur eg. See ya.

All the posts